Bygland kommune

  • Bygland kommune

Kommunen har satsa sterkt på å legge til rette for nye arbeidsplassar, og behalde eksisterande verksemder. Dette har bl.a. ført til at Bygland har fleire arbeidsplassar enn ein "brukar sjølv". Det er betydeleg innpendling frå nabokommunen Evje&Hornnes. Søndre del av Bygland og Evje er ein felles arbeidsmarknad.

Dei største private bedriftene er Byglandsfjord Sag og Bygland Plast. Det er fleire verksemder innan varehandel/hotell, med det kjende Revsnes Hotell på Byglandsfjord som det største. I dei største private verksemdene arbeider tilsaman ca. 200 peronar (heil & deltid). Den største einskildverksemda er Bygland kommune, med sysselsettingseffekt på ca. 135 årsverk. Primærnæringa er viktig med 30 årsverk i jordbruket. Til dette kjem sysselsetting i skogbruket og foredlingsbedriftene Byglandsfjord Sag og Tine sitt meieri på Bygølandsfjord.

Kommunen har eit godt innlandsklima. Heiane skjermar dalsona slik at busetnaden er lite plaga med vind. Vinterklimaet er relativt mildt med snø i rimelege mengder, og sommaren er ofte varm i lange periodar. Byglandsfjorden virkar stabiliserande og varmeregulerande på klimaet i dalsona. Skilet mellom vestlands - og austlandsklima går gjennom kommunen. Det har vore klimamålingar på Byglandsfjord attende til år 1907, og på Austad i perioden 1897-1926. Desse gamle målingane viste m.a. at ingen andre målestasjonar i landsdelen har lågare registreringar av tåke.

Nettsted
Facebook
Til Facebook(10 visits)
Org.nr.
964966397
Adresse
Sentrum 18, Bygland, 4745, Aust-Agder, Norge
Kommune
Bygland
Telefon
0047 37934700
E-post
Besøk
162
Visninger
215
Opprettet
Endret
Fylkesnr.
09
Kommunenr.
0938